Produksjonen auka med 50% i 2012

av Gunnar Andås2012-02 arabiske nt

Styret for trykkeriet konstaterer med glede at produksjonen har auka med 50 prosent i 2012 samanlikna med 2011.
Litteraturmisjonen sitt trykkeri på Sri Lanka har vore i jamn vekst i mange år. Sidan starten i 1984, har det likevel vore noko vandring i motbakke. Vi har stadig møtt nye utfordringar. Styret for trykkeriet har heile tida prøvd å analysere drifta og leite etter område som burde vore ordna for at trykkeriet kan trykke enda meir, enda rimelegare, men likevel med ein enda høgare kvalitet og forsvarlege prisar på produkta.

Etter som åra har gått, har ein møtt utfordringar som går på bygningar, maskiner, økonomi, personell, organisering og kulturkonfliktar.

Det gjer seg nemleg ikkje sjølv å produsere 200 000 arabiske nytestamente, 100.000 kinesiske biblar, 100 000 singalesiske nytestamente, 1 000 000 indiske Markusevangelie.

Trykkeriet har også siste året vore engasjert i trykkinga av ein Lhaovo Kachinebibel, Kachin Jinghpaw bibel, Hmong-bibel, Nytestamente for Himmalaya området og Ruching Nytestamente.

Mange av desse folkegruppene har ikkje tidlegare hatt Bibelen på sitt eige språk. Nokre av biblane vert sende til område der det vert rekna for ulovleg å eige sin eigen bibel.

I somme av desse tilfella er vi ikkje ansvarleg for sjølve utgivinga eller distribusjonen, men likevel har salgssjef Daniel Kort oftare og oftare fått ei rolle som konsulent for dei som har trykkerioppdrag. Ikkje sjeldan har leiinga ved trykkeriet også vore med å finne sponsorar som har hjelpt til med økonomiske midlar for at prosjektet skal kunne realiserast.

2012-02 produksjonssjef Mr Dexter

Produksjonssjef Mr. Dexter

Vi kan med glede konstatere at produksjonen ved utgangen av 2012 har auka med over 50% samanlikna med fjoråret. Det har sjølvsagt samanheng med fleire store prosjekt med bibeltrykking, betre maskinpark og ikkje minst ein ny leiar på trykkeriet, Mr. Dexter. Han får organisert produksjonen mykje meir effektivt enn før.

Daniel Kort fortel vidare at sjølv om produksjonen er mykje større no enn i fjor, så er han mindre sliten når dagen er ferdig. Daniel gir mykje av æra for dette til den nye produksjonssjefen Dexter som tok til ved trykkeriet i mai månad. Han er veldig strukturert og får arbeidarane til å yte sitt beste.

Vi ser såleis med optimistisme på året som ligg føre oss. Vi har fleire store ordrar liggande klar, og vi er betre utrusta til å løyse oppgåvene enn på lenge. Likevel er vi meir avhengig av Guds hjelp og velsigning enn nokon gong. Etter som arbeidet veks, kan eit feilskjer få større konsekvensar enn før. Vi vil difor be alle våre støttepartnarar hugse arbeidet og oss som arbeider med det i bøn. Be Han som kan gjere meir enn alt om visdom, kraft, beskyttelse og inspirasjon for alle som er involvert. Då kan vi gå inn i det nye året, ikkje berre med forventing om å verte velsigna av Gud, men også å få vere til velsigning for mange menneske.