Men kva er det til så mange?

To fisker og 5 brød

Jesus trenger dine to fisker og fem brød for å gjøre et mirakel

Vi har vel alle opplevd situasjonar der vi føler at ressursane som vi disponerer er alt for små i forhold til oppgåvene som skal løysast. Det er tydeleg at læresveinane hadde det slik då Jesus bad dei om å gi folket mat. Eg synest eg ser korleis dei rista på hovudet og seier: Kva meiner du,Jesus, sjølv om du kunne kjøpe mat for ei heil årsløn (betaling for 200 arbeidsdagar) så ville ikkje kvar person få eit lite stykke. “Kor mykje har de då?” spurde Jesus.

Andreas seier då: “Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to småfiskar. Men kva er det til så mange? Det er ikkje meir enn kva denne guten har bruk for sjølv. Det er ingen ting å dele på.” Jesus kommenterte ikkje dette. Han bad folket sette seg, tok brøda og fiskane i hendene og velsigna dei. Vi veit korleis det gjekk: Alle vart mette og dei løyvde 12 korger med mat.

I Israel var det ein gong ei enke som stod i stor gjeld til kreditorane sine, og ho stod i fare for å miste alt ho hadde. Dei ville til og med selje sønene hennar til slavar. Ho klaga si naud for profeten Elisa, og han spurde enka kva ho hadde i huset. Ho hadde ingen ting utan ei krukke med olje. Ho bru­kar ikkje dei same orda som læres­veinane, men eg kan nesten høyre henne seie, – det er ingen ting mot dei store krava som eg har mot meg.

Profeten Elisa bad henne då om å gå rundt i grannelaget og låne tomme krukker, så mange som ho kunne få tak i. Ho fekk så beskjed om å fylle desse krukkene med oljen sin. Ho gjorde som ho fekk beskjed om, og oljen rann og rann heilt til det ikkje lengre var tom­me krukker igjen. Då stansa oljen.

Banner two fishes 1000x288

Gud ynskjer å bruke dei res­sursane som han har lagt i våre hender til å fylle dei tome kara som finst omkring oss. Om vi re­knar på menneskeleg måte, så er det alt for lite. Når du legg det i Guds hender og byrjar å dele, så skal du likevel sjå at ressursane strekkjer til, så når du er ferdig, så har du meir igjen enn då du starta.

Må Gud velsigne deg og gjere deg til ein velsignelse.

Gunnar Andås