I 2014 aukar produksjonen med 50%

Det skjer stadig forandringar ved trykkeriet i Sri Lanka. Kvar gong vi kjem på besøk, så har det enten skjedd ei ombygging eller ei opp-pussing, eller dei kan ha kjøpt ei ny maksin av eit eller anna slag. Siste året har det vore bygt nye kontor og møterom for personalavdelinga og førtrykk-avdelinga.Største forandringa har nok likevel skjedd i administrasjonen. Måten arbeidet vert leia på, er langt meir gjennomført no enn i tidlegare tider. Alle som har ei leiande stilling, har utdanning for den jobben dei gjer, og det merkast godt både når det gjeld kvaliteten på arbeidet og presisjon i leveringstid mm. Omveltninga har ikkje skjedd utan vanskar, men vi er ikkje i tvil om at misjonstrykkeriet på Sri Lanka i dag er eit mykje betre verkty for å trykke Guds ord enn nokon gong tidlegare.

Sporos 2014-1 16 kinesiske bibler klar for pakking og utsendelse

Kinesiske biblar

Og ordet går ut i stadig større mengder. Sidan 2009 har den årlege produksjonen auka meir enn fem gonger, og for inneverande år reknar ein med ein auke på nesten 50% frå 2013. Innstillinga til Styret for misjonen har vore å finne dei tomme kara og fylle dei (sjå fortellinga om enka i 2. kongebok 4). Når vi oppdagar ein hunger etter Guds ord frå område der dei ikkje utan vidare kan få kjøpt sin eigen bibel, opplever vi det som eit kall til å gjere noko med det. Vi kan ikkje bære ansvaret for at folk ikkje får Guds ord – men dersom vi ikkje gjer noko med det, så vert det vårt ansvar.

Gunnar Andås