Be for misjonstrykkeriet

Misjonstrykkeriet på Sri Lanka er stadig i utvikling. Mange av dei som var med på jubileumsfeiringa ved trykkeriet hadde også vore på trykkeriet tidlegare. Ein av dei mange kommentarane vi fekk, var at dei såg stor forandring på til dømes ombyggingar, oppussingar, nye maskiner, betre orden i og omkring fabrikken. Styret  kan legge til rette for slike forbetringar, men utan ein god og dyktig stab ved trykkeriet, hadde vi vore ganske hjelpelause.

Etter å ha samtala med mange av dei som er involvert, ser vi viktigheta av å be for alle som har eit ansvar ved trykkeriet. Vil du vere med å be?

Bønneemner:

  • Be om styrke og visdom  for dagleg leiar Bandula Jayamanne
  • Be om godt samarbeid mellom alle leiarane og om dyktige medarbeidarar på alle plan
  • Be om åpne dører for nye og viktige prosjekt
  • Be om frelse for dei arbeidarane som endå ikkje kjenner Jesus
  • Be om god framdrift i arbeidet med å skaffe ny rotasjonspresse
  • Be om visdom og visjonar for styret