Stor hunger etter Guds ord i Midtausten

Omveltningane i dei ulike landa i Midt-austen er stadig i mediene. Vanlegvis vert det sett fokus på opprør, uro og krig. Sjelden høyrer vi korleis desse omveltningane påverkar folk flest.

Misjonstrykkeriet på Sri Lanka har siste åra sendt fleire hundre tusen arabiske nytestamente til ulike land i Midtausten. Berre siste året har vi trykt 120 000 arabiske biblar. Rapportane vi får frå ulike land i denne regionen er svært oppmuntrande, men også utfordrande.

av Gunnar Andås

Det har aldri i nyare tid vore vanskelegare å vere ein kristen i Midtausten. Kyrkjer og for-samlingshus vert sett i brann, og dei kristne vert trua på ulike måtar. Dei kristne har likevel aldri tidlegare møtt større openheit for Guds ord. Folk flest har mista all tillit til sine politiske og religiøse leiarar, og svært mange søkjer etter andre verdiar å byggje livet sitt på. Folk søkjer i alle retningar, og såleis oppsøkjer mange også dei kristne for å få svar på sine mange spørsmål.

Sporos 2014-2w Amos-811

Se, dager skal komme, sier Herren Gud, da jeg sender sult i landet, ikke sult etter brød og ikke tørst etter vann, men etter å høre Herrens ord. Amos 8,11

Vi får vite at hundre tusen nytestamente ville vere borte på kort tid, men slik situasjonen er no, har dei ikkje på langt nær nok nytestamente å gi bort. I møte med slik informasjon, kan vi ikkje sitte passive. Vi har no ein unik sjanse til å forandre situa-sjonen i Midtausten ved å gje dei Guds livgjevande ord. Ventar vi, kan hungeren vert fylt av ulike erstatningar.

Vi må reagere medan hungeren framleis er der. Vi i Litteraturmisjonen vil difor utfordre oss som kristne til ikkje berre sjølve å gi pengar til eit visst antal nytestamente, til å starte innsamlingsaksjonar i venekretsen vår, i forsamlinga vår,  mellom arbeidskameratar og kollegaer. Eit nytestamente kostar 9,- det er inkludert produksjon og kostnader knytta til levering. Vi kan ikkje ta ansvar for den vanskelege situasjonen Midtausten er i, men dersom vi har anledning til å gje dei Guds ord utan å gjere noko med det, vert vi medansvarlege. På mange måtar kan det liknast med det dei spedalske uttrykte det då dei reiste frå ein by i hungersnaud og fann store mengder med mat: Det er ikkje rett det som vi gjer. Dette er dagen då vi kan koma med ein god bodskap. Teier vi stilt og ventar til morgonen gryr, så fell det skuld på oss (2 Kong 7,9).

Hungeren er der, vi har ressursane – kva gjer vi med det?