Positive utviklingar – ekspansiv vekst

Tankar om arbeidet – ved Gunnar Andås

Det er i motbakkar det går oppover, heiter det. Når eg tenkjer på arbeidet ved misjonstrykkeriet på Sri Lanka, opplever eg at dette er sant. Vi møter stadig nye utfordringar som vi må ta tak i, men så opplever vi også gleda ved å sjå at arbeidet stadig veks.

Når vi får eit rekneskap lagt på bordet, har vi lett for å analysere det, spesielt med tanke på kva utgifter som kan reduserast, men også kva nye satsingar vi kan sjå oss råd til.

Ekspansiv vekst: Fem dobling på fem år
Ofte kan vi sjå oss så blinde på årets resultat at vi gløymer å sjå dette i samanheng med tidlegare år. Nyleg sette eg opp omsetningstala for dei siste åra, og dei viste heilt tydeleg korleis arbeidet har vakse. Dei fleste åra har vi hatt ein omsetningsauke på 20-30 prosent frå året før. Den årlege produksjonen er fem gonger så høg no som for fem år sidan.

Dette er sjølvsagt gledeleg med tanke på drifta ved trykkeriet, men det som verkeleg fyller hjartet med glede, er tanken på at vi kvart år sender fleire hundre tusen biblar og nytestamente, samt fleire millionar bibeldeler til folk som har ein hunger etter Guds ord.

Resultat fra 2014
Det er i 2014 produsert mellom anna 209 000 kinesiske biblar, 60 000 arabiske biblar, 30 000 biblar på andre språk. Like eins 100 000 nytestamente på Tamil og 3 millionar Markusevangelie på 14 ulike indiske språk. I 2015 ser det ut til at vi får ein auke på alle desse gruppene.

Ny presse
Vi har skrive i tidligera nummer av bladet Sporos om fornying av maskinparken på Sri Lanka. Vi kjøper stadig nye maskiner, men nokre maskiner er dyrare enn andre. Siste tida har vi vore i forhandlingar med ein fabrikk om kjøp av ei ny presse. Dersom den nye pressa svarar til forventningane, vil den kunne trykke ein bibel på ein firedel av den tida vi brukar i dag. Det er ikkje gjort nokon endeleg avtale med leverandøren, men vi håper å kunne signere ei kontrakt i løpet av våren.

 

Gunnar Andås

styreleiar for New Life Literature