Lengsel etter evangeliet i India

Behovet for biblar i India aukar. Litteraturmisjonen arbeider for å få omsett bibelen til moderne hindi.

av Gunnar Andås

India har eit folketal på 1,2 miljardar menneske. Sjølv om Kina har 1,3 miljardar, over 100 millionar fleire, reknar ein med at India har tatt igjen Kina i folketal i løpet av dei neste 10 åra.

Ein reknar med at omlag 5 prosent av folket i India er evangeliske kristne. Det høyrest ikkje mykje ut, men det er trass alt 60 500 000, eller omlag 60 millionar kristne. Dessutan aukar antal kristne med 3,5 prosent per år. Det åleine utgjer 2,1 millionar per år. Kvar av desse har bruk for ein bibel!

3 millionar evangelie per år
Litteraturmisjonen har i fleire år sett på India som ei stor og viktig utfordring. Vi har siste åra sendt omlag 3 millionar Markusevangelie til India per år. Desse har vore trykte på 14 ulike språk. For 2015 har vi som mål å trykke 5 millionar Markusevangelie. Om vi skal lukkast med dette vil vere avhengig av om vi får inn nok midlar til dette prosjektet. Kvart evangelie kostar omlag 85 øre, inklusiv frakt til India.

Vi sender i dag eit par hundre tusen biblar til Kina per år. Desse må berast inn i landet av turistar som besøkjer landet.

Til India kan vi sende biblane i konteinerar. Bibelen er tilgjengeleg i landet, men mange av dei kostar så mykje at folk flest ikkje har råd til å kjøpe dei. I alle fall ikkje eit eksemplar som har eit moderne språk.

Moderne Hindi
Litteraturmisjonen arbeider difor no saman med ein organisasjon som er eigd av Wycliffe, med tanke på å få omsett Bibelen på Hindi til eit moderne språk. Arbeidet reknar ein med vil vere ferdig om eit års tid. Når denne omsetjinga er ferdig, er målet vårt kvart år å kunne trykke fleire hundre tusen biblar til bruk i India. Nokre av desse kan nok seljast til kostpris, men vi reknar med at dei fleste biblane må subsidierast om folk flest skal ha råd til å kjøpe dei.

22 hovedspråk – 456 språk i landet
I neste omgang ser vi for oss at dette vil vere eit springbrett også til dei mange andre språka i India og landa omkring. Det er 22 hovedspråk i India, men ein reknar med at der totalt er heile  456 språk i landet. Bibelen er enda ikkje oversett til mange av desse språka. Dette er ein utfordring som vi må gjere noko med. Vil du også vere med på det?

Støtt oss ved å trykke her (Prosjekter -> Gi en gave)