Markusevangeliet blir til liv i India

1500 evangelistar har delt ut meir enn 10 millionar Markusevangelier i India. I samtale med ein av desse evangelistane får vi høyre at 400 menneske no samlast regelmessig til bibellesing og bøn kvar veke som eit resultat av dei Markusevangelia han har delt ut.

av Gunnar Andås

Shivanna har bakgrunn som Hindu, og arbeidde tidlegare i eit boktrykkeri. Ein pastor som var kunde der, brukte å vitne om Jesus, men Shivanna var alltid avvisande til det han høyrde. Til tider kunne han blåse røyk rett i ansiktet på pastoren berre for å vise kor lite han respekterte han og det han stod for. Vi lar Shivanna sjølv få fortelle vidare kva som skjedde:

Ein dag inviterte pastoren meg ut på lunsj. Medan vi åt, delte han på nytt evangeliet med meg, og bad for meg. Då viste det seg eit lys over hovudet mitt, og frå den dagen byrja Gud å kalle på meg. Enten eg arbeidde på pressa eller var oppteken av andre ting, høyrde eg ofte ei stemme som tala til meg om å gi livet mitt til Jesus. Ein dag pastoren kom til trykkeriet, gjorde eg det. Pastoren fortalde at han trudde eg hadde eit spesielt kall til å forkynne evangeliet, og eg bestemte meg for å reise på bibelskule. Då familien mi høyrde om det, arrangerte dei eit ekteskap mellom meg og ei hindukvinne. Dei tenkte at det ville stoppe meg frå å reise. Eg levde saman med kvinna som no var kona min, og eg fortalde henne om kva Jesus hadde gjort for meg, etter ei stund tok også ho imot Jesus og vart døypt.

Etter eit halvt års tid, gav ho meg lov til å reise på bibelskulen, og eg reiste då avgarde for å førebu meg på mi nye teneste. Då eg kom heim etter eit år, hadde familien vår påvirka kona slik at ho ikkje lenger ville vere kona mi dersom eg ikkje gav opp livet mitt som kristen. Det var eit tungt val å ta, men eg kunne ikkje forlate Jesus for hennar skuld. Eg flytta difor til ein annan stad og starta opp evangeliseringsarbeid der. Det vart danna ei menighet og mange vart frelste. Etter eit år og åtte månader høyrde kona mi om dette. Ho kom på besøk til meg, og då ho såg med eigne auge kva som skjedde, sa ho at ho også ville være med, og ho ville gjerne leve saman med meg. Det var ein stor dag for meg og for oss som familie.

Eg byrja å få regelmessig tilsendt Markusevangelier frå Wold Bible Translation Center. Desse Markus-evangelia kom frå New Life Literature på Sri Lanka. Ein dag eg hadde delt ut 900 Markus-evangelier i ein landsby, vart eg omringa av fleire radikale hinduar på utsida av byen Dei hadde også med seg ein person som var besett av vonde ånder. Dei fortalde at boka som eg delte ut, fortalde at Jesus kunne helbrede slike som denne. Enten helbreda eg no mannen, eller så ville dei drepe meg og dele meg opp i småbitar og gravlegge meg i ein sanddunge lenger borte. Eg vart svært redd, men eg hadde ikkje noko val. Eg spurde om dei også ville tru på Jesus dersom mannen vart helbreda. Det ville dei ikkje love, men eg skulle få overleve. Eg fortalde dei om Jesus og korleis dei kunne verte frelste. Så bad eg dei alle late att augene, og eg bad for den besatte mannen og befalte at han skulle verte utfridd i Jesu namn. Straks fall mannen på bakken. Folket som stod omkring trudde at han no var død, så eg tok han i handa og reiste han opp i Jesu namn. Då stod han opp og det feila han ingen ting. Han har sidan vore heilt frisk.

Seinare har eg opplevd mange andre teikn og mirakel. Ei kone hadde fått eit Markusevangelie av dottera si. Der las ho om ei kvinne som hadde blodsott. Sidan ho også var ein blødar, tok ho kontakt med meg og spurde om Jesus framleis kunne helbrede sjuke. Eg bad for henne og straks vart ho frisk. Sidan har heile familien vorte frelst og kvar veke samlast det no ei gruppe i heimen hennar.

Som eit resultat av arbeidet, er det no 40 slike grupper som samlast regelmessig. Størrelsen på kvar gruppe kan vere mellom 6 og 15, men han rekna med at det er omlag 400 mennesker som samlast kvar veke.

Tilsvarande høyrde vi også frå andre evangelistar som var med og distribuerte Markusevangelier. Folk høyrer kva Jesus gjorde då han gjekk omkring på jorda, og dei utfordrar evangelistane om å be Jesus gripe inn i liknande tilfeller i deira eigne familier. Slik veks Guds rike frå veke til veke. Trass større vanskar enn før, vert det hevda at antal kristne i India har vorte fordobla dei siste ti åra. Dei offisielle tala er 2.6 prosent kristne, men mange meiner at det reelle talet no er omlag 5 prosent, eller omlag 60 millionar.

Vi klarer på ingen måte å skaffe nok Markus-evangelier. Kvart evangelie kostar omlag 90 øre, og behovet virkar umetteleg. Vil du være med å be om at vi må få dei midlane som skal til for å mette den endelause hungeren som vi opplever i India.