Han talte og det skjedde,

– han baud og så stod det der.

av Gunnar Andås, styreleier for bibeltrykkeriet

Guds ord har hatt ein sentral plass gjennom heile historia. Då Gud skapte verda, skapte han den ved sitt ord: Han sa, vert lys og det var lys. Salmisten seier: han talte og det skjedde, han baud og så stor det der.

sporos-2016-01-Lasarus-kom-ut

Men Gud har ikkje berre skapt alt og sett det i sving for så å la det surre rundt på eiga hand, som ei tapt klinkekule i Erik Byes song. Nei, han held framleis heile verda oppe og tilfører ny energi ved sitt skapande, livgjevande ord.

  • Vi kjenner igjen den same skapande krafta i Jesu tale. Han seier til den spedalske: Vert rein, eller til storm og bylgjer at dei skulle vere stille, og det vart så.
  • På Jesu ord fekk Peter mot til stige ut av båten og gå på vatnet.
  • Då synagogeforstandaren Jairus hadde mista dottera si, tala Jesus mot til faren, og på Jesu ord kom også livet tilbake til dottera hans.
  • Det var denne krafta i Jesu ord høvedsmannen hadde oppdaga då han sa til Jesus: Sei berre eit ord, så vert dottera mi frisk.
  • Jesus såg ein gong ei kvinne som hadde kjent på si vanmakt i atten år: Jesus sa til henne: Kvinne du er løyst frå di vanmakt, og straks rette ho seg opp og var fri.
  • Like eins kallar han den døde Larsarus ut av grava, og på Jesu ord måtte dødskreftene sleppe taket, og Lasarus kunne stå opp igjen.

Den same Jesus sa før han reiste herifrå: – Eg har fått all makt i himmelen og på jorda, – han sa også at han vil vere med oss alle dagar så lenge verda står.

Denne Jesus som kalla og forvandla så mange liv, han forvandlar stadig menneskeliv, familiar, lokalsamfunn og nasjonar der han får kome til med sitt mektige ord.

Og ein dag, i oppstoda, skal han som kalla Lasarus ut av grava også kalle alle dei døde i Kristus ut frå gravene deira. Då ropar han ikkje berre på Lasarus, men han ropar på alle dei som er døde i trua på Kristus. Dei skal då stå opp for alltid å leve med Kristus. DET ER VÅRT HÅP!