Eit spennende besøk på trykkeriet

sporos-2016-01-paul-sundnesKva kan ein ikkje ikkje få utretta, med rett person på rett plass? Det var mitt sterkaste inntrykk frå dagane på trykkeriet i Sri Lanka.

av Paul Sundnes, redaktør bygderadio Vest

Mitt møte med NLL må kallast eit møte skapt av mange samanfallande hendingar. Eg har tru på spreiing av «Det glade evangelium» på alle språk, men har ikkje sett dette som mi oppgåve. Sjølv om eg har støtta Indre- og Ytremisjon gjennom aktivt arbeid, i mi lokale kyrkje, bedehus og lokalradioarbeid gjennom 25 år.

På 1980-talet, då tamilane rømde frå Sri Lanka i tusentals, var eg flyktningkonsulent i Herøy kommune. 40-50 tamilar med stort og smått, kom til Herøy. Mange av desse fortalde mykje om landet sitt, særleg om Jaffna distrikt. Eg følte ei periode at er var like godt kjend i dette distriktet som på Sunnmøre. Mange gongar sa eg med meg sjølv: dit må eg, for å sjå at landet er slik desse flyktningane fortel.

Invitert av Gunnar
Gunnar Andås har sidan 1998 vore ein god lokalradiokollega på Søre Sunnmøre. Han har fortalt om trykkeriet på Sri Lanka og sagt: «du må vere med ein tur». Mitt svar har vore: «det får vente til eg vert pensjonist og kan disponere tida mi sjølv.» Som pensjonist frå 2016, vart eg med på turen no i mars. Vilkåret mitt var at eg fekk ein tur til Jaffna.

Som Gunnar sin gjest måtte det også bli ein tur sørover, opp i fjellandet med sine teplantasjar. På den turen vart det med eit sørafrikansk ektepar som var levande opptekne av bibelomsetjing. Desse gav meg mykje å tenkje på. Med si rolege og klare tru på Guds
meining med livet, såg eg misjon på nært hald. Dei har brukt heile sitt vaksne liv til utdanning og koordinering av lokalt bibelarbeid for nye språkgrupper. Utfordringane med slikt arbeid og vanskar med misjonsarbeid vart nært desse dagane.

sporos-2016-01-arne-sandvig

Arne Sandvik sammen med Jonny og Samson

Olje på hendene
Tilbake i Negombo brukte eg ein dag til å gjere meg litt kjend i byen, men så var eg klar for å finne eit kvart nyttig å gjere på trykkeriet. Der møtte eg Arne Sandvig. Ein inspirator og fagmann med stor erfaring – gull verd for eit slikt trykkeri. Arne ville vite kva eg kunne brukast til. Etter ei rådslaging over ei delteikning av ein kompressor, fekk eg oppgåva å prøve å finne feilen, saman med to kjekke lokale mekanikarar, Jonny og Samson. Karar eg fort såg var dyktige fagfolk

 

Min bakgrunn, med lærlingtid frå produksjon av hydrauliske dekksmaskiner, kom no til nytte. Saman med Jonny og Samson vart det fire kosedagar med olje på hendene. Min far sa alltid: «det vil nok løyse seg, berre prøv», og feilane fann vi, på fleire maskiner. Eg trur at redsla, for kva som skjer om reparasjonen ikkje lukkast, er den største hindringa for ein god mekanikar, kanskje særleg under kulturar bygd på gammal britisk styresett.

sporos-2016-01-paul-sundnes

Paul Sundnes (til høyre) skøyter eit gummiband saman med Jonny. Det er ikkje ein einmannsjobb. Paul trivdes godt med utfordringar på trykkeriet.

Trykkeriet, med bokbinderi, var ei over-rasking. Eg var i ungdomen kamerat med ein som arbeidde som lærling på Hatlehols Trykkeri i Brattvåg. Eg tenkte at NLL var noko liknande, men der tok eg feil. Dette var mykje større og meir automatisert. Her var to – tre rotasjonspresser til bøker og mindre publikasjonar, og arbeid for ei mengd lokale tilsette. Mi vestlege vurdering var nok at: her kan det rasjonaliserast. Men så slo det meg: kva då med lokale arbeidsplassar?

 

Kan ein produsere til konkurrerande prisar med så mykje folk så må det vere flott. Folk såg ut som dei hadde det godt. Smil og latter sat laust i bokbinderiet.

Dyktige medarbeidarar
I administrasjonen møtte eg Svend Svendsen, ein tidlegare teknikar i vår lokalradiopå Sunnmøre. Eit hyggeleg gjensyn med ein tenestevillig medarbeidar, som fann sin plass i livet som husfar saman med si lokalfødte kone og deira tre born. Han jobbar med IKT – kjekt å sjå Svend i sitt rette element.

Daniel Kort var ein annan interessant ressursperson. Som tidlegare dagleg leiar og fastbuande på SL, har han stor kompetanse innafor sal og marknadsføring. Sjølv om han no har flytta til Tyskland arbeider han likevel for NLL med ei løn som er godt under løner i Tyskland. Då eg intervjua han om hans arbeid, møtte eg ein person med eit inderleg ønskje om å breie «Den glade bodskapen», med ein iver som mange unge burde fått høyre.

sporos-2016-01-daniel-kort

Daniel Kort i samtale med Waldemar Harder frå den tyske misjonen: To all Nations

Bandula Jayamanne frå Sri Lanka var den stødige lokale leiaren som var der og tok sine avgjerder, men let folk på golvet gjere sitt arbeid. Ei slik stødig kjempe trengst for å kunne få ei bedrift til å fungere, i ein kultur som vestlege idealister vanskeleg kan forstå.

Eg oppfatta diskusjonen som gjekk i styret, om leiingsstruktur og prioriteringar, om kvalitet på innbinding og papirval. Kanskje var kinabesøket det mest interessante den veka. Seljarar, frå eit Kina som ikkje vil tillate fri import av biblar, kom til NLL for å by fram papir av bibelpapirkvalitet. Seljarane oppdaga ein kinesisk bibel som låg på arbeidsbordet og ville vite om dei kunne få ein. Sjølvsagt fekk dei to karane kvar sin. Det er mange måtar å få «Det glade evangeliet» inn i landet.

Imponerande!
NLL er eit godt eksempel på at det nyttar. På golvet i trykkeriet låg det tusenvis av biblar og bibeldelar klar til innbinding. Eg fekk studere produksjonsresultet for 2015 og det er imponerande: 2,7 mill Markusevangelier på 13 indiske språk, 70.000 Johannesevangelier på hindu, 130.000 NT på arabisk, 30.000 NT på thai, 64.000 biblar på kinesisk. Etter opplysningar eg fekk var dette produsert på foretningsmessig vis med balanse i rekneskapen. Imponerande!