Guds ord til Sakachep-folket:

Sakachep people profile

-ei stor hending for ein liten minoritet i India

av Gunnar Andås

27. oktober 2017 var det stor fest hos Sakachep-folket.
1500 møtte fram for å feire at dei 
endeleg kunne lese Guds ord på sitt eige morsmål.

Evangelisk Orientmisjon og Litteraturmisjonen har i år samarbeidd om å samle inn pengar til trykking av nytestamente og biblar for minoritetsspråk i India. Vi fekk frå ulike kjelder ei liste på 19 språk som vi har lova å støtte. Eit av desse språka var Sakachep, snakka av ein liten minoritet i Nord-Aust India med same namn.

Eit unådd primitivt folkeslag
Sakachep-folket har stort sett levd langt ute på landsbygda i ei naturalhushaldning. Dei som etter kvart lærde å lese og skrive, måtte lære dette på eit anna språk, for Sakachep var berre eit muntleg språk. Det hadde ikkje eige skriftspråk, så ingen ting har tidlegare vore skrive på dette språket.

Den indiske organisasjon Nectar, kontakta for nesten ti år sidan Kobus Van Aswegen i organisasjonen The Word for the World, og spurde om dei kunne hjelpe med fagleg kompetanse så dei kunne oversette Bibelen til Sakachep og andre tilsvarande språk.

Nye teikn til nytt språk
Sidan det ikkje fanst skriftspråk, måtte dei sjølvsagt fyrst avgjere kva teikn som skulle brukast for å symbolisere dei ulike lydane i språket. Når det var gjort, vart det laga ei ordliste av dei orda som ein kjende.

Parallelt med dette dreiv ein opplæring av dei som skulle stå for sjølve oversettingsarbeidet. Det var folk som hadde Sakachep som morsmål, men som også hadde lært seg andre språk, t.d. hindi eller engelsk.

Etter kvart kunne sjølve oversettingsarbeidet ta til, og etter som ein fekk noko å lese på, kunne ein parallelt også starte med lese- og skriveopplæring på dette språket.

sporos-2017-02-sakachep

Det var stor glede blant de unge da de kunne lese Guds Ord på sitt eget språk

Grundig og nøyaktig arbeid

Når alt er ferdig oversett, kontrollert og korrekturlest mange gongar, så vert heile teksten oversett tilbake til engelsk, slik at bibelkyndige folk som kan gresk, men som nødvendigvis ikkje kan dette minoritetsspråket, kan sjekke oversettinga opp mot grunnteksten.

Så kan endeleg teksten settast og sendast til trykkeriet. Her er det vi kjem inn, gjennom misjonstrykkeriet New Life Literature på Sri Lanka. Vi fekk ikkje berre trykke og binde desse nytestamenta, men gjennom det fellesprosjektet som Evangelisk Orientmisjon og Litteraturmisjonen har, fekk vi også lov å betale for trykkinga. Vi kom inn i prosjektet heilt på slutten, og vi hadde nesten ei kjensle av å få kome inn i siste runda av ein maraton, og likevel få vere med på innspurten.

Stor fest
Vi fekk vere med og gle oss saman med alle dei som i årevis har venta på å kunne få høyre om Guds store velgjerningar på sitt eige språk. Og med alle dei som har stått i arbeidet.

Invielse av Bibelen til Sakachep-folket

Invielse av Bibelen til Sakachep-folket ved Janet og Kobus van Aswegen

 

Den 27. oktober 2017 var det laga til ei stor feststund i ein Sakachep-landsby i samband med at nytestamenta hadde kome frå trykkeriet og skulle delast ut. Nærmare 1500 menneske hadde møtt fram frå fjernt og nær til denne festen. Kobus Van Aswegen, asiatisk leiar for The Word for The World sa fylgjande under seremonien:

Det er 1678 språk i verda som framleis manglar Guds ord oversett. Frå i dag av står ikkje lenger Sakachep på denne lista. Hendinga vart markert med avduking av ein minnestein som fortalde at 27. oktober 2017 fekk Sakachep-folket Guds ord overlevert på sitt eige morsmål.

Vi gler oss storleg saman med dette folket som no har fått tilgang til Guds livgjevande og livsforvandlande ord. Det er ikkje noko som er meir meiningsfylt for oss enn å kunne være med å gje Guds ord til dei som aldri har hatt det tilgjengeleg før.

1 tanke på “Guds ord til Sakachep-folket:

  1. Tilbaketråkk: Utdeling av nytestamenter | Litteraturmisjonen

Det er stengt for kommentarer.