Vitnemål frå ein flyktning

Sporos-2017-2-flickr_refugeeHan fekk NT frå Litteraturmisjonen

«For ei tid tilbake måtte eg flykte frå heimlandet mitt i Nord-Afrika for å søkje sikkerheit i eit av nabolanda

«Eg gjekk inn i ei kyrkje der, etter som eg forstod at dei gav gratis hjelp til folk utan å spørre kva religion dei tilhøyrde. Der fekk eg ei t-skjorte, og då eg gjekk, var det nokon som også gav meg eit nytestamente.»

«Det tok eg til å lese i alt neste dag. Sidan eg kjem frå ein muslimsk familie, såg eg snart at denne guden var heilt ulik frå den som eg hadde lært om heime. Eg var eigentleg ikkje så veldig religiøs, men foreldra mine hadde lært meg nok om Islam til at eg ikkje utan vidare ville forlate religionen min. Etterkvart byrja eg å gå tilbake til kyrkja der eg fekk nytestementet for å diskutere det eg hadde lese om.

Fasinert av Jesus, men motstand i eigen familie
Ein gong fekk eg vite at eg måtte be Jesus kome inn i hjertet mitt som Herre og frelsar. Eg forstod nok ikkje konsekvensane av det, men eg hadde vorte så fasinert av Jesus at eg gjorde som dei sa. Der var eigne samlingar for flyktningar i kyrkja som eg deltok på. Det gjekk bra heilt til to søskenbarn av meg fekk høyre om mi omvending. Dei reiste eins ærend frå heimlandet mitt, og møtte ein kveld opp heime hjå meg for å prøve å overtale meg til å kome til fornuft og vende tilbake til Islam. Vanlegvis brukar slike samtalar å føre til eit av to resultat. Enten lukkast dei å få folk til å avseie seg den nye trua si, eller så endar det like ofte med at den nyomvende misser livet. Dei prøvde i fleire dagar å få meg til å skifte meining, og sjølv om eg kjende forholdsvis lite til Bibelen på den tida, så klarte eg likevel å svare på dei fleste av spørsmåla deira.

Samtalen på fleire timar
Då dei forstod at det ikkje var så lett å få meg tilbake til Islam, og eg forstod at dei heldigvis heller ikkje ville fullføre det andre alternativet, å ta livet av meg, så spurde dei kvar eg hadde fått nytestamentet frå. Eg fortalde det. Etter som eg forstod at dei ville gå for å leite opp denne kyrkja, vart eg uroleg, for eg visste ikkje kva hensikt dei hadde med det. Etter at dei hadde forlete rommet mitt, ringde eg difor til kyrkja og fortalde om søskenbarna mine som var på veg dit. Eg tenkte at det var best å gje ei åtvaring i tilfelle dei ville skade dei på nokon måte. Til mi store forundring, så virka dei ikkje særleg redde, men dei takka meg for at eg hadde ringt. Slektningane mine nådde fram til kyrkja, der dei vart sittande og snakke med ein av mine vener der, i eit par timar. Då dei skulle gå, spurde venen min om han skulle be for dei og velsigne turen deira. Det hadde dei ikkje noko imot. Etter ei kort bøn på tre minutt, spurde søskenbarna mine om dei også kunne få hjelp til å be Jesus om å frelse dei og kome inn i hjertet deira. Svaret var sjølvsagt positivt.

Eg vil setje pris på om de kan be for meg og slektningane  mine. Be også for familien min i heimlandet mitt at dei må lære å kjenne Jesus og den verkelege Gud Fader, så dei også må få det evige livet.»


* Dette har hendt nyleg i eit land Nord-Afrika. Historia er anonymisert av hensyn til sikkerheta for dei involverte. Litteraturmisjonen kjenner identiteten.