Kort om: New Life Literature

eit verktøy for all evangelisk misjon.

New Life Literature på Sri Lanka er eit moderne trykkeri og bokbinderi med omlag 60 tilsette. Misjonstrykkeriet er i dag eigd av Litteraturmisjonen i Norge, ein tverrkyrkjeleg organisasjon som satsar på å spreie biblar og bibeldeler til ulike folkegrupper.

Trykkeriet vart i si tid starta av misjonærane Hildur og Arnfinn Andaas.Sjølv om trykkeriet er organisert på Sri Lanka som eit aksjeselskap, så har formålet heile tida vore å få ut så mange biblar pr. krone som råd er, og det har difor aldri vore tatt ut noko utbytte frå drifta.

Trykkeriet har frå starten hatt mottoet: Å tene dei som tener, og ein har som mål å vere eit verktøy for alle evangeliske kyrkjer og misjonar. I dag er omlag 80 prosent av produksjonen biblar eller bibeldeler. Berre 25% av produksjonen er bestilt av Litteraturmisjonen. Resten er på oppdrag frå andre misjonar.

Eit par gongar har trykkeriet t.d. vore med og trykt eit «bibliotek» for pastorar. Det var samansett av 40 ulike hjelpebøker, og denne pakken vart trykt i eit opplag på 20 000 eks. Totalt var det altså snakk om 800 000 bøker.

Guds Ord til folket
Andre gonger har det vore snakk om t.d. 100 000 biblar eller nytestamente på ulike språk. Ein har såleis siste åra trykt 430 000 arabiske nytestamente som alle har vorte sende til Midt-austen.

Like eins har ein trykt og sendt over 15 million markusevangelier for gratis utdeling i India. Både trykking og innbinding vert gjort på huset.

Det har vært trykt fleire hundretusen biblar i ulike format til Kina.

Videre blir det trykt bibeldeler, nytestamenter og biblar til mange land over heile verden slik som Burma, Laos, Thailand, Sri Lanka, Papua Ny Guinea for å nevne nokre.

Strategisk plassering
Trykkeriet på Sri Lanka er svært strategisk plassert. Landet er eit av landa i SAARC, South Asian Association for Regional Cooperation. Som eit firma plassert på Sri Lanka, kan såleis New Life Literature sende varer tollfritt til Afghanistan, Bangladesh, Bhutan, India, Maldivane, Nepal og Pakistan.

Les meir om oss på vår internasjonale nettside: www.newlife.lk