Ny limfresar ved trykkeriet

Når ei bok blir trykt må ein lima på omslaget. Nå har trykkeriet utvida med ein ny og effektiv limfresar – som gjer at vi kan trykka fleire bøker, då produksjonslinja blir ennå meir effektiv.

av Gunnar Andås

sporos-2018-01-limfreser

Limfresaren aukar produksjonskapasiteten og effektiviteten ved trykkeriet

Ved trykkeriet på Sri Lanka er vi stadig på jakt etter måtar å auke og forbetre produksjonen. Det kan vere opplæring av arbeidarar, betre organisering av arbeidet eller kjøp av nyare og betre maskiner.
Like før jul gjekk trykkeriet til innkjøp av ein ny limfresar som skal brukast til pro- duksjon av pocketbøker, rimelege nytestamente o.l. Vi har hatt slike maskiner før også, men den maskina som vi har kjøpt inn no, skal kunne auke kapasiteten vesentleg.
Då vi diskuterte kven som skulle setje opp maskina, kom ein av arbeidarane og sa at det kunne han godt ta ansvaret for. Han hadde arbeidd på ei tilsvarande maskin under eit opphald i utlandet, så han meinte at han kjende den maskina godt nok til å sette den opp og installere den. No er maskina oppe og går, og installasjonen har gått over all forventning.
Med stadig større etterspørsel etter ny-testamente og biblar, er vi glade og takknemlige for alle forbetringar som vi kan få ved trykkeriet.