Guds Ord er virkekraftig

sporos-2019-2-norwaymapav Gunnar Andås

Sidan 2008 har vi frå New Life Literature på Sri Lanka sendt over 12 millioner Markusevangelier på 15 ulike språk til India. Dette er små hefter som er omkring 13 cm lange. Dersom vi la alle desse Markusevangelia kant i kant, ville det danne ei samanhengande linje frå Kristiansand til Bardufoss.

Då vi fekk fyrste forespørselen, forstod vi neppe kva kraftig redskap dette skulle verte i Guds rike.

Det er små lette hefter med tittelen «Den Gud som elskar menneska». India har tusenvis av gudar, men ein Gud som elskar dei, har dei ofte ikkje høyrt om.

Markusevangelier-fleresprak

Markusevangeliene blir trykka til dei største språkgruppene i India

Folk les for å sjå kva dette er og vert undrande når dei les om alle teikn og under som Jesus gjorde. Ofte har dei nokon som er sjuke i familien eller nabolaget, og det skjer då ikkje sjeldan at dei kontaktar den som gav dei dette vesle heftet og spør om Jesus også kan hjelpe i deira situasjon.

Jes55.10-11_1280x1280Igjen og igjen opplever dei at ved å be om helbredelse og hjelp, så grip Jesus inn og helbreder den sjuke.

Dette fører ofte til omvendelse for heile familien, og dei blir tatt hand om i ei bibelgruppe der dei får ytterlegare oppfylgjing.

Guds Ord er i sannhet virkekraftig.

Takk for din støtte til arbeidet 

 

For lik regn og snø
som faller fra himmelen
og ikke vender tilbake dit
før de har vannet jorden,
gjort den fruktbar og fått den til å spire,
gitt såkorn til den som skal så,
og brød til den som skal spise,

slik er mitt ord
som går ut av min munn:
Det vender ikke tomt tilbake til meg,
men gjør det jeg vil
og fullfører det jeg sender det til.
Jes 55:10-11