Han sende ordet sitt og helbreda dei

Rapport fra Markus prosjektet: Ammu frå Annadurai

Ammu vart fødd inn i ei Hindu familie. Både mannen og heile famlien hennar var hinduar.

sporos-2019-1 ammu-fra-annadurai

Illustrasjonsfoto

Ein håplaus situasjon
Ho hadde god helse, men brått ein dag fekk ho kraftige smerter i magen. Ho oppsøkte eit sjukehus, og etter å ha tatt røntgen, fekk ho vite at ho hadde ein stor svulst. Det var alvorleg. Den måtte fjernast ved ein operasjon, men det ville verte svært dyrt. Ho visste ikkje kva ho skulle gjere. Ein operasjon var både vanskeleg og dyr. Familien hennar hadde ikkje så mykje pengar, så ho vart bekymra og trist.

Jesus – helbrederen
Ein dag gjekk eg gjennom gata hennar for å dele ut nokre Markus evangelie. Med tårer i augene fortalde ho meg om situasjonen sin. Eg trøsta henne med Guds ord og bad henne om å lese heftet som eg gav henne. Eg fortalde også at Jesus Kristus har skapt alt, og at han kan helbrede utan operasjon. Ammu ville lese evangeliet som eg hadde gitt henne.

Neste søndag kom ho til husmøtet vårt. Vi bestemte oss for å be for henne kvar kveld i husgruppa vår. Gjennom heile veka kom ho til dette bønnemøtet. Etter kvart vart smerta mindre og mindre.

Svulsten er borte
Veka etter gjekk ho til sjukehuset for ein ny helsesjekk. Det vart tatt nye bilete, og til deira store undring kunne dei ikkje finne noko. Dei kunne ikkje tru det. Svulsten som ho hadde tidlegare, viste ikkje på dei nye bileta. Dei spurde korleis dette kunne skje. Det var eit mirakel. Ho svara: Eg har ikkje gjort noko, men Jesus har rørt ved meg og gjort meg frisk. Det var eit utruleg mirakel både for legane og andre. Men for henne var det berre skaparen som hadde rørt ved henne.

Som eit resultat av dette, tok både ho og resten av familien imot Jesus Kristus som sin frelsar, og dei vart alle døypte. No veks dei i trua ved at dei les hans ord.