Eit spennende besøk på trykkeriet

sporos-2016-01-paul-sundnesKva kan ein ikkje ikkje få utretta, med rett person på rett plass? Det var mitt sterkaste inntrykk frå dagane på trykkeriet i Sri Lanka.

av Paul Sundnes, redaktør bygderadio Vest

Mitt møte med NLL må kallast eit møte skapt av mange samanfallande hendingar. Eg har tru på spreiing av «Det glade evangelium» på alle språk, men har ikkje sett dette som mi oppgåve. Sjølv om eg har støtta Indre- og Ytremisjon gjennom aktivt arbeid, i mi lokale kyrkje, bedehus og lokalradioarbeid gjennom 25 år. Les videre

Takk Nathan – velkommen Gihan

Takk til Nathan

sporos-2016-01-nathan

Nathan Varner – har gjort en fantastisk innsats på trykkeriet.

Det skjer stadig forandingar ved trykkeriet på Sri Lanka. Nokre reiser og andre kjem. I to år har vi hatt gleda av å ha ein ung mann frå USA som medarbeidar, Nathan Varner. Han arbeidde i førtrykksavdelinga og gjorde ein god jobb der. Vi var alle lei oss for at avtaleperioden hans gjekk mot slutten. Vi er svært takksame for den innsatsen Nathan gjorde på alle måtar, og vi ynskjer han Guds velsigning i hans vidare arbeid i USA.

Les videre

Ny presse

Ny presse auka kapasiteten å bibeltrykking med 50 prosent!

Stadig kjem det inn nye maskiner på trykkeriet til New Life Literature på Sri Lanka.

Den siste tilveksten er denne pressa som vart kjøpt ny frå India.

Pressa er spesiallaga for bibel­trykking, og ein reknar med at den såleis vil vere med å auke kapasiteten på trykkeriet med 50 prosent.

sporos-2015-2-ny-presse01

Den nye pressa ferdig installert

Les videre