Eg fann min Gud

Rapport fra Markus prosjektet: Eit vitnemål fra Saraswati

Einsam
Eg vart fødd og vaks opp i ein Hindu familie. No er eg gift og har fleire born. Mitt ynskje var å verte lukkeleg, men eg hadde ikkje den indre gleda som eg søkte etter. Dagleg tilba eg gudane våre. Eg tok meg alltid godt av familien min, men eg kjende meg likevel einsam. Det var noko som mangla i livet mitt, men eg visste ikkje kva.

sporos-2019-1 vitnesbyrd markusevangeliet

Ein dag eg sat utanfor huset vårt og tenkte på kvifor eg kjende meg så tom og lite glad, kom det ei dame gåande gjennom gata vår. Ho delte ut nokre små bøker. Ho kom til huset vårt også. Ho snakka venleg til meg og spurde korleis eg hadde det. Eg fortalde om min situasjon.

Den Gud som elskar menneska
Ho hadde medkjensle med meg og gav meg ei bok som heiter «Den Gud som elskar menneska». Ho forsikra meg om at Gud Jesus vil gi meg fred og glede. Eg tok boka og byrja å lese fyrste kapittel, andre kapittel, tredje kapittel og så etter kvart heile boka. Ettersom eg las, gjekk det opp for meg kva det var eg mangla, de var Gud Jesus. Eg bad til han. Han høyrde bøna mi og gav meg ein fred som eg tidlegare aldri hadde opplevd.

Fred
Eg måtte få tak i dama som gav meg denne boka og fortelje kva som skjedde med meg. Neste veke kom ho tilbake til landsbyen vår, og eg sprang for å møte henne og fortelje at Jesus hadde gitt meg fred, og at eg gjerne ville vite meir om han. Ho var så glad for å høyre dette, at ho gav meg eit nytestamente. Frå den dagen av byrja eg å gå til kyrkja, og Jesus gjorde meg til eit barn av den levande Gud. Eg har no vorte døypt og veks stadig i Herren.

Eg møter motstand frå heile familien, men eg er sterk nok til å tåle det, for eg har funne min Gud. Han er med meg, og han vil beskytte meg. Eg vil halde fram å vitne til familie og vener, slik at dei også kan få læra å kjenne Jesus som sin Gud.